onsdag 8. januar 2014

Tusenfryd hausten 2013

Tusenfryd har ikkje vore flink å blogge denne hausten, og legg no ut litt av det vi har gjort frå august til desember.

August
I August hadde vi satningsområde: Eit godt språkmiljø. Tema: Kropp, bevegelse og helse.

På Tusenfryd hadde vi som mål å bli kjent med eigen kropp og eigne kjensler.

Vi laga bilde av menneskekroppar.
Så hadde vi eit prosjekt der vi teikna kroppane våre på gråpair, måla handa og foten vår (noko som kila veldig, spesielt på foten) og laga avtrykk på gråpapiret der hendene og føtene våre skulle vere.
Limte så på foto av ansiktet vårt og måla kleda.

Vi studerte ansiktet, teikna ansikt på tavle, med forskjellige sinnstemingar, sint, glad,lei seg, redd o.l.
Vi fekk smake på appelsin og sitron. Det var surt det! Og barna laga herlige grimaser ;)

Gjekk på turar i nærområdet.

September
I september hadde vi det samme satningsområdet som i august,..
I tilegg hadde vi Nasjonal Brannveke, der vi øvde oss på kva vi skulle gjere om brannalarmen gjekk.
Hadde også besøk av brannbilen. Det var veldig spennande!

Oktober
I oktober hadde vi satningsområde: Eit godt Språkmiljø. Tema : Språk, Kommunikasjon og tekst.
Mål : Å bli kjent med eventyr, forteljingar og musikk.
Vi hadde valgt oss ut 3 eventyr som vi fokouserte på.

~ Bjørnen som blei stubbrumpa.




~ Dei tre bukkene bruse.

~ Musa som ikkje fekk seg ein venn.

I oktober hadde barnehagen også 40 års jubileum.

November
I november hadde vi satsningsområde : Eit godt språkmiljø. Fagområde : Kunst, kultur og kreativitet.
Mål : Å lære enkle teknikkar. Få skape noko. Forming.





Mala på haustblad og tok avtrykk.
Limte på trekantar i div størrelser,  og laga det til ein fisk.
Måla lykter.
Laga kunstbilde, limte på paljetter på papp.
Tok avtrykk av handa, og laga det til eit reinsdyr.

Desember
I desember hadde vi satningsområde : Eit godt Språkmiljø. Fagområde : Religion, etikk og filosofi.
Mål : Kunnskap og gode opplevingar av julehøgtida med juleforteljingar, julekrybbe, julesongar.
Vi baka pepperkakehjerte og lussekattar :)
Tok fine julekortbilde, og hadde nissefest.
Vi har også laga til eit koseleg vinterrom på Tusenfryd