onsdag 5. februar 2014

Internasjonal foreldrekaffi




Alle foreldre og søsken er invitert til
Internasjonal foreldrekaffi
Torsdag 6. februar kl 14.30-16.00
i barnehagen
 Presis Kl 14.30 blir det opptreden ute med sang og dans av barna, så går vi inn til litt mat, saft og kaffi.
Internasjonale veker
I veke 1-5  har vi internasjonale veker i barnehagen. Vi har fleire barn som kjem frå ulike land og kulturar.  Dei har også krav på å få sin identitet og sitt morsmål synleggjort i barnehagen. Vi høyrer om fleire ulike land, ser på ulike flagg, musikk og klesdrakt o.l.  Og vi lagar internasjonal mat.
Mat:
Det er flott om nokre av foreldra kan lage nokre tradisjonelle rettar som dei andre kan få ein smakebit av. Det er spennande for alle å få kjenne nye smakar.
Norsk tradisjonsmat er også noko som passar inn ein slik dag.
Vi håper at det kan bli eit spennande matbord med mat både frå Asia, Afrika og Europa.
Vi serverer også kaffi, saft og kake.

Klede:
Det er også fint om barn og vaksne kan ha på seg tradisjonelle klede denne dagen, eller ta med klede som vi kan henge opp til utstilling i barnehagen.

Velkommen til foreldrekaffi i barnehagen!