onsdag 12. februar 2014

Internasjonal foreldrekaffi




 Barnehagen har i januar hatt internasjonale veker. Barna skal utvikle forståing for ulikheiter og likheiter, og sjå seg sjølv i ein samanheng. Barna har fått høyre om andre land, samfunn, menneske og tradisjonar. Målet er at barna skal utvikle respekt og toleranse og interesse for menneske frå ulike kulturar.


Samling der dei fekk sjå kva klede, sko, leiker, bileter m.m dei bruker i Vest-Afrika/Elfenbeinskysten. Vi har særleg fokus på dette afrikanske landet fordi NLM har Barnas Misjonsprosjekt retta mot det.
Barnas verdenskart har er flott! Her kan barna ha mange samtalar med kvarandre, og dei kan samanlikne korleis det er på dei ulike landa og verdensdelane. Kartet har utruleg mange detaljar med folk i ulike klede, dyr, hus, vegetasjon m.m.
Barnehagen har mange barn som har foreldre frå andre delar av verda. Det er spennande å samanlikne flagg og vite kva flagg som er "mitt" og dei andre sitt. 
Torsdag 6. februar hadde vi internasjonal foreldrekaffi
Då inviterte vi foreldre og søsken til fest i barnehagen. Foreldra tok med seg mange internasjonale rettar, og vi fekk ein liten smakebit frå alle verdensdelar. Det var spennande med mange nye smakar,  og ein stor suksess!
 






 Tusen takk til alle foreldre som bidrog til å gjere den internasjonale foreldrekaffien til ein svært koseleg fest! Det var virkeleg kjekt!