tirsdag 17. juni 2014

Blåklokka på besøk hos ORDFØRAR BJØRN

 
På Blåklokka har vi den siste prosjektperioden jobba mykje med lover og reglar.
Vi har blant anna lært oss kva grunnlova er og at alle reglane vi har er fordi vi skal være trygge!
Borna har vore på jakt etter reglar ute, og vi har funnet mange ute i trafikken...
Alle veit at KONGEN i Norge heiter HARALD, og den som bestemmer mest i landet vårt er statsministeren vår som heiter ERNA SOLBERG...
 
MEN, kven bestemmer mest i kommunen vår??
Og i går (mandag 16.06)  var dagen komen då vi skulle får helse på han som er SJEF i Haram kommune, ORDFØRAR BJØRN :-)
 
Mange spente barn (og voksne) ventar på å få treffe ordføraren.
 
 
Vi fekk kome inn på møterommet, og der viste ordførar Bjørn fram klubba han har. Den brukar han for at alle som er på møtet skal være stille. Det syns barna var litt spennande.Han fortalde også litt om det å være ordførar, og borna fekk spørre og fortelje litt om det dei hadde lært. Og så hadde han ein stor, fin koffert som han åpna. Inni den var det flotte ordførarkjedet som han hadde på seg når for eksempel kronprinsen og kronprinsessa var på besøk her..

 
Og vi fekk sjå brevet som ordføraren fekk frå slottet i vinter, der han fekk invitasjon til å komme på besøk på slottet. Vi fekk og sjå bildet som var tekje når han var på slottet, det var alle ordførarane i heile Norge som var der på besøk.

 
Borna hadde med gave til ordføraren, det var eit bilde av frøken Kanin som nokre av barna hadde laga. Og så fekk han ein plansje med bilder frå barnehagekvardagen. 
 
TUSEN TAKK FOR OSS, ORDFØRAR BJØRN!!