fredag 20. juni 2014

Sommerfest og tombola i barnehagen

Torsdag 19.06 hadde vi sommerfest og tombola i barnehagen. Vi starta dagen med leikar som kaste ball på bøtte, "bowling", fiske etter seigmenn, potetløp, boksing på ballongar og rebusløp. Deretter hadde vi eit felles måltid i bålhytta med pølse med brød, snacks og is. Det hadde også komt nokon lure piratar og gøymt skattekart til oss, og alle avdelingane gjekk på skattejakt.
 
Seinare på dagen var det tid for tombola. Då kom foreldre, søsken, nokre besteforeldre og oldeforeldre på besøk i barnehagen. Alle barna framførte nokon songar for foreldra, og alle Friskusane (dei som skal starte på skulen etter ferien) fekk utdelt permane sine og ei lita avslutningsgåve. Vi solgte både rullelodd med masse små premiar og avrivningslodd med større premiar, og foreldra kunne kjøpe kunstverk som barna hadde laga. Vi fekk inn 9751 kr, og pengane vi fekk inn gjekk halvparten til barn-hjelper-barn-prosjektet vårt i Vest-Afrika, og den andre halvparten til leiker og materiell i barnehagen.
 
Vi var ikkje så heldige med vèret, men det vart ein vellykka sommerfest og tombola likevel. Tusen takk til alle som hjalp til med rulling av lodd, kakebaking og alle som leverte gevinstar!

Skal tru om ballen treff bøtta?

Konsentrerte gutar i potetløp


Fristande fangst på fiskeleiken

Midt på blinken!

Felles måltid i bålhytta

Klare for skattejakt. Laila viser fram skattekartet.

Kanskje skatten er her?

Sjokolade-gullpengar!

Flinke songarar!
 
Utdeling av permar og avslutningsgåve. På sølvpute! Lykke til på skulen!