fredag 19. september 2014

Sidan sist på Friskus

Sidan sist på Friskus har vi...

Vore på mange turar for å utforske naturen rundt barnehagen. Vi har og vore på biblioteket for å finne fleire bøker om vatn. Vi har fagområdet "Natur, miljø og etikk" dette barnehageåret, og har valgt å starte med VATN som tema. Vi har allerede lært ein del om vatn og laga ein faktaplakat som heng på avdelinga, men vi skal jobbe meir med vatn framover og lære mykje meir! Vi har blant anna mange eksperiment med vatn som vi skal prøve, og vi skal besøke kraftverket på Krogsætra.

Denne uka har vi hatt brannvernuke, og har hatt fleire samlingar om "Vanja og Eldar" (som er hovedfigurane i eit undervisningsopplegg som skal lære barn i barnehagen om brannvern) og øvd på en song som skal hjelpe oss med å hugse alle nødnummera. Neste veke skal vi besøke brannstasjonen og få vere med i brannbilen, og det gler vi oss veldig til!

Vi har også hatt besøk av Hege og Johanne fra NLM ung, som har hatt ei spennande samling om SKAPELSEN saman med oss. Vi høyrde og på kristne barnesongar og dansa litt.

Idag har vi avslutta veka med å lage pølsegrateng til lunsj. Alle barna fikk vere med på å lage maten, og dei var supre kokkar! Pølsegratengen fallt godt i smak hos dei fleste! 

Samling om "Vanja og Eldar" utafor grillhytta.

Pølsegrateng! mmm...
Eine faktaplakaten om vatn.
Testar ut ei av "klatrebanene" vi har i skogen. Dei er kjempeflinke!
Formingsaktivitetet. Her mala vi høstbileter. Dei ferdige bileta heng inne på avdelinga, så det er berre å komme inn og sjå dei!

Enda ein i klatrebana. Her er det bratt, så man må holde godt i tauet!
Konsentrerte kokkar!



På tur i skogen. Sjå så flinke dei er til å gå på rekke!