torsdag 18. september 2014

Tusenfryd på tur til grillhytta

I dag har dei eldste barna på Tusenfryd vore på tur i skogen. Vi gjekk opp til grillhytta, og hadde eit lite måltid der. På vei opp så fant vi mykje spennande, som rognebær på trea, masse maur på steinane, soppar og sist men ikkje minst; masse spindelvev. Edderkoppane har visst jobba hardt i natt og heile skogen var full i spindelvev. Det viste veldig godt no som det var så vått ute, og barna syntes det var veldig spennande å sjå på!

Når vi kom til grillhytta fekk vi høyre ei historie om ei lita mus som lurte ein rev, mens vi tjuvstarta litt på lunsjen og åt litt frukt. Neste gong tek vi nok med brødskiver og tek heile lunsjen i grillhytta.