mandag 9. mai 2016

BARNEHAGEDAG PÅ VESTNES FOR FRISKUS

Tirsdag 3 mai reiste vi på lang busstur, heilt til Vestnes for å vere med på barnehagedag på Vestheim. Vi fekk vere med på andakt og lærte oss ein ny sang, vi fekk vere med på misjonsvandring til Kina, Bolivia og Etiopia. Vi var med på sporløp med mange artige postar. Veldig spennande! 

På misjonsvandringa satte vi oss på flyet til Kina først

Så tok vi flyet videre til Etiopia

Artig å få prøve og sjå klede frå andre land. 

Frå Etiopia fekk vi sjå nokre instrument, her er ei tromme. 

På sporløpet vi fekk vere med på var det mange artige postar:

Her skulle vi telle kor mange såpeboble heile laget klarte å blåse tilsaman. Vi klarte 228 stk tilsaman:)

Her skulle vi frakte vatn med t skjei, og måle opp til slutt kor mykje heile laget hadde samla opp. 

På denne posten var det mykje forskjellig opp i ei kasse, der barna skulle kjenne på og gjette kva det var for noko. Dei var kjempeflink ! 
Før vi satte oss i bussen for å reise heim, kom Linkus på besøk og delte ut leirbevis til alle barna.:)