torsdag 19. mai 2016

Overnatting i barnehagen for Friskusane :)

Endeleg var nedtellinga over og dagen for overnatting i barnehagen var her. Barna møtte opp med soveposer/dyne, pute, kosebamser i alle variantar, liggeunderlag, nokre sommarfuglar i magen og var klar for ei natt i barnehagen:) 
Vi starta med pizza og brus/saft på fellesrommet, ein kan mildt sagt seie at barna var heilt opp under taket sjølv om dei også verka veldig spente! 
Vi hadde deretter på oss støvlar for å leite etter skatten i skattejakta. 

Alle borna fekk kvar sitt skattekart, måtte starte på trappa på friskus og opp i skogen for å leite. 




..... Å skatten fann dei fort! Alle var ivrig i leitinga og veldig spent på kva som var i eska som var pakka godt inn i sølvpapir. Vi sprang ned igjen på fellesrommet for å åpne




Deretter var det tid for film og snacks. 
Alle ville legge seg når filmen var ferdig, dei gjekk ein og ein på badet og fann deretter soveposen/dyna si! Og korti dei søvna............ det snakka ikkje vi om, det viktigaste er at dei har fått ein opplevelse dei vil leve lenge på.


No ligg dei vertfall djupt inn i drøymeland.... :)