tirsdag 20. desember 2016

Juleforbereding på Friskus!

Jula nærmar seg, men i barnehagen tek vi det med ro. Målet for adventstida i barnehagen er at barna skal få lære om innhald og tradisjonar rundt julefeiringa, og at dei skal få oppleve ro og kos denne tida som ofte er prega av stress og mas.

Kvar dag i Desember har vi adventstund på avdelinga. Vi har laga oss ein adventskalender med pepperkakehjarter, og vi trekker lapp kvar dag om kven sin tur det er å få dagens pepperkake. Og så får vi høyre litt om da Jesus vart født, og vi tenner lys på adventsstaken og syng julesongar.

Vi har øvd ein del på julespelet. Barna fekk roller som Josef og Maria, gjetarar, englar og vise menn, og julespelet vart framført framfor foreldre, sysken og besteforeldre på julefesten tidligare i desember. Det er fast tradisjon i barnehagen at dei eldste barna framfører julespelet på julefesten, så det har dei gleda seg til. Endelig var det deira tur, og dei var kjempeflinke!

Vi har også vore på julevandring i Brattvåg Kyrkje den 30. november. Der fekk barna roller fra julespelet og var med på reisa til Betlehem der Jesus vart født.

På Luciadagen, 13.12, var vi på besøk på omsorgsheimen. Der gjekk vi Luciatog og sang julesongar for dei eldre. Det satt dei stor pris på. Etterpå kosa vi oss med pizzasnurrar på Kulturkaféen.

Ellers har vi sjølvsagt baka julekaker og laga julegåver, og barna gler seg veldig til å ta med seg posane med julegåver heim.


Pepperkakebaking.

På julevandring i Kyrkja. Barna fekk "skrive seg inn i mantallet".



Dei tre vise menn kom med gåver til Jesusbarnet.
13.12, på besøk på omsorgsheimen.
Vi kosar oss med pizzasnurrar på Kulturkafeen.

Rammeplan om Etikk, religion og filosofi:
Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barn får innsikt i grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon og deira plass i kulturen.

Vi ønsker alle ei flott julehøgtid!