tirsdag 29. november 2016

KVEN ER DET SOM TRAMPAR PÅ MI BRU?


 
Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å
uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller
skape noko felles, bidreg til samhøyrsle 
 
(Rammeplan for innhaldet og oppgåvene i barnehagen)


Småbarnsavdelingane Skogstjerna og Tiriltunga har i perioden august-september hatt eventyr som tema, og det har vore ei periode prega av forteljing, dramatisering, forming og dansing. Eventyret vi har hatt fokus på er «Dei tre Bukkane Bruse». Eit velkjent eventyr for dei aller fleste, men likevel ganske nytt for dei minste i barnehagen. 




Barna viste stor interesse for eventyret og dei konkretane som blei brukt. Dette viste dei igjennom leik og ved å ta initiativ til å få sjå i boka, dramatisere og synge songen «Lille Bukken Bruse trippa over trollebru». For dei som har tatt turen inn på avdelingane kunne de og sjå at avdelingane var prega av eventyret i form av flotte, kunstneriske veggpryd laga av borna, og konkretar som blei tatt i bruk.


Barna har fått lage flotte bukkar med ekte ull, sjå kor flotte dei blei!

 I djup konsentrasjon...


 Alle dei fine bukkane våra har vi hengt opp inne på fellesrommet. Kvar avdeling har fått kvar sin vegg til rådigheit inne på fellesrommet der vi kan henge opp ulike ting som vi lagar i tråd med fokusområdet vårt som i år er "Kunst, kultur og kreativitet". 


Ved å henge opp ulike bileter frå eventyret inne på avdelinga fikk barna muligheit til å ta i bruk språk og mimikk på eige initiativ. Barna fikk da invitere andre med seg til samtale og sang.

Som ei fin avslutning på prosjektperioden valgte vi saman med barna å arrangere ein trollfest for småbarnsavdelingane. Og det kom mange sjarmerande småtroll i barnehagen den dagen. Dei vaksne dramatiserte først eventyret for barna, deretter fekk barna prøve seg. Vi koste oss med sang, dans og nybakte bollar som vi hadde baka sjølve.










I desse dagar er det advent og jul som står i fokus, og vi er allereie i full gang med juleverkstad.  Målet for adventstida i barnehagen er at barna skal få lære om innhald og tradisjonar rundt julefeiring, og at dei skal få oppleve ro og kos denne tida som ofte er prega av stress og mas.