onsdag 28. september 2016

Brannvernuke og litt kvardag frå småbarnsavdelinga.

I forrige veke var det brannvernuke i barnehagen. Her har vi fokus på sikkerheit rundt brann, og har brannøvingar saman med barna. Vi får og bli kjend med hand-dukkene "Eldar og Vanja". Ei uke med masse inntrykk for dei minste, høge lydar og at ein må gå ut i berre sokkelesten :)

Dette er og ei påminning til foreldra då vi nærmar oss mørkare og kaldare tider. Vi skrur på meir varme, og kanskje nokon tenner fleire lys.  Ta dykk ei runde med borna heime og sjå til at alle brannvarslarar fungerar og at anna nødvending utstyr er som det skal i tilfelle det skulle oppstå brann.



                                                                              Eldar

                                                                            Vanja
                                                                 Vi målar brannbilar.


                                                     Kjempeartig med masse måling.



                                            Litt bileter frå kvardagen vår på småbarn:
                                                                 Makkar er spanande!


 

                                                        Bilete frå ein av turdagane våra:



                                    Kven er dette då? Kanskje møtte vi på lille larven aldri mett?