mandag 5. september 2016

Postkasse på grillhytta

På grillhytta har vi fått noko heilt nytt dette barnehageåret.
Når Friskus og Tusenfryd var på tur i dag, så møttes vi der opp. Friskusane hadde med seg ei ny grønn postkasse som vart skrudd opp på veggen. I den postkassa ligg ei bok som alle kan få skrive navnet sitt i.



Først i boka har grønn gruppe på Friskus skrive navna sine, deretter vart Tusenfryd si turgruppe nr.2.
Til våren, på sommarfesten, vert det trekning av gevinstar for dei som har skrive seg opp.
Så velkomne til ein trimtur på grillhytta :-)