fredag 2. september 2016

Kreative kunstnare på Friskus!

No er det nye barnehageåret i full gang, og i år skal vi arbeide med fagområdet "Kunst, kultur og kreativitet". På Friskus er vi godt i gang med fagområdet allereie, og vi gler oss til å arbeide vidare med det! 

«Barnehagen må gi barna høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet gjeld uttrykksformer som biletkunst og kunsthanverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. Kunst- og kulturformidling gjer at barna blir fortrulege med og føler tilhøyrsle til kulturelle uttrykksformer.» Rammeplanen om Kunst, kultur og kreativitet.

Vi har vore på tur til Håvikdemma, og på vei dit såg vi så mykje blåbær! Vi plukka rikeleg, og ungane hadde veldig lyst til å bruke blåbæra til å lage blåbærmuffins. Så neste dag vart det blåbærmuffins på planen! 



Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.
(Barnehageloven § 3 Barns rett til medvirkning)


Vi lager blåbærmuffins!
"Mmm", dei vart veldig gode!
 Vi har også jobba med å teikne sjølvportrett!
Flotte sjølvportrett!

Vi har også jobba litt med LandArt, ei kunstform der ein bruker det ein finn i naturen og sett det saman til former og installasjonar. Det syns dei var veldig kjekt, og vi kjem nok til å lage "LandArt-kunstverk" fleire gongar framover!