tirsdag 2. oktober 2012

Blåklokka - Vi byggjer hytte i skogen

Gul gruppe har idag vore på utflukt i skogen, det er ikkje alle tider ein treng å gå så veldig langt for å kunne seie ein er på tur... I dag var ein slik dag, vi var rett bakom barnehagen på "tokt"...
Dagens mål var å lage ei lita, fin hytte vi kan bruke i uteleiken...
Det var ekstra stas å få låne saga for å sage heilt åleine :-)
Her følgjer nokre bilder frå dagens utflukt...

 
Konsentrasjonen må være med når ein handterer ei sag....
 

 
Samarbeid, det er godt at nokon kan halde i greina og treet medan ein sagar :-)
 

 
Her er to stykker til som også sagar...
 

 
Og så var tida inne for å prøve hytta, og når vi er inne må vi ta av hua fant dei ut...
Huene vart hengt opp på ei grein "i gangen" til dei skulle ut att av hytta :-)

 
Vi hadde ein fin tur i skogen, alle var veldig flinke å drage og bære små og store greiner og hjelpe til å legge dei på plass i hytteveggane. Men det kjekkaste var nok å få lov å sage heilt åleine...
Det var så kjekt at enkelte hadde planane klare for innkjøp av eiga sag :-)