onsdag 31. oktober 2012

Oppdatering frå Tusenfryd

 Oppdatering frå Tusenfryd:

Endeleg kan bålet fyrast opp i bålhytta, og den deilege bållukta kan spre seg rundt i barnehagen! Reinsdyrskinn, bål og varm kakao skaper ei god ramme når vi skal ete lunsj, og maten smaker jo også ekstra godt ute i det FRI:-)

Vi har ein kjetting som skal hengast opp og nye bålpanner er kjøpt inn - så vi har mange herlege stunder i vente.... GLEDE.....


Vinteren har komt, og i barnehagen har vi så vidt nok snø til rumpeakebrett. Det synast dei største barna våre er gøy.
Dei minste barna er forsatt på utforskarstadiet. Ikkje alle er like komfortable med det kalde veret. Det er ei tilvenningsfase dette også, og det å bli tilfreds med å bruke votter...
Men tross alt så har vi hatt kjekke dager i snøen - og vi lurer på kor lenge den vil ligge denne gongen. Er hausten over - eller kan vi håpe på nokre fine haustdager til før vinteren gjer sitt innhopp for alvor????
 Vi har baka grove runde rundstykker. Dei eldste barna fekk vere med å bake og forme. Resultatet vart veldig bra - og lunsjen veldig god!


 Trafikkvennen Tarkus er ein populær gjest på Tusenfryd. Han har vore på besøk fleire gongar denne månaden og vorte kjent med barna. Han har fortalt barna og vist dei kor viktig det er at vi bruker refleks i mørket!

Så ei oppfordring til alle: BRUK REFLEKS
Når Tarkus er på besøk vil han gjerne helse på barna, sjølv om han er litt sjernert.
Det er stor stas å få helse på han, seie namnet sitt og visst ein vil så kan ein få gje Tarkus ein liten klem.

Tarkus er jo BARNAS TRAFIKKVENN:-)
 I frileiken skjer det litt forskjellig inne på Tusenfryd. Duplo, puslespel, puttebokser, biler, plastalin, baller, hopp og danseleik er noko av det som skjer der. Vi les bøker og har kjøkkenleik for å nemne noko....

På biletet held barna på med klosser. Høge tårn blir bygd, før dei til slutt raser sammen. Og klossane har ulike fargar og former som vi kan studere...

Det blå bordet og dei små stolane er ei nyinvestering på avdelinga. Det er vi veldig glade for:-)