fredag 5. oktober 2012

Oppsummering frå oss på Tusenfryd


 Ei lita oppsummering frå oss på Tusenfryd:

Vi har ei herleg barnegruppe, fulle av liv og glede. Vi legg vekt på mykje song, både i små grupper og i det store fellesskapet. Barna uttrykker stor glede og engasjement:-)

Herlege frydefulle "kviin", og ein rocka kropp forteller oss at musikken er viktige for dei små barna.



Vi legg stor vekt på gruppedeling, både innanfor tema, turar og måltid. Den nye bålhytta har blitt trottig brukt av oss. Den er vi veldig takknemlege for. Bålgryta og steiketakka er kjøpt inn - vi gleder oss til bålplassen i bålhytta blir ferdig.... Det blir spennande...

Men ikkje nok med bålhytta, så har vi ein lavvo som er lett å sette opp... Her nyt vi fruktmåltidet, og ein god varm kopp med kakao i lavvoen. Vi syng saman og har rim / regler.... Det er faktisk nesten ligg "magisk" å vere inne i lavvoen...


Og barnehagen har eit fantastisk område vi kan utforske. Kvar veke legg vi opp til fleire turar i skogen for ei lita gruppe. Her er det klatresteinen som blir testa ut. Her klatrer vi og siler, hopper og tester grenser....
For å komme dit må vi forbi krokodilledammen - og her er det alltid spennande å sjå om den er heime i dag....
Barna må boltre seg fram i ulent terreng. Vi trener grovmotorikken....




Vatn er spennande, og ein skikkeleg gjørmedam kan vi ikkje gå rett forbi.... Den må prøvast ut...

Ein dag var målet til den vaksne å sjå etter haustteikn - men oppdaga snart at det var vatnet barna var opptatt av... Ja, så til større dammer vi fant - til kjekkare var det:-)

Slik er livet i barnehagen... og det vart ein kjekke tur altså....




Her er det bilete frå ei av songstundene våra.

"Lille bukkene Bruse som trippar over trollebru..."

Vi bruker mykje revisitta og bordteater saman med barna.