tirsdag 1. mars 2016

Barnehagedagen på Friskus :)

BARNEHAGEDAGEN 2016 - LES HØGT FOR MEG!

Ei god språkutvikling har betydning for barnets liv her og no og for barnets muligheit i framtida. Språklege ferdigheiter er viktig for:


- kommunikasjon

- utvikling av vennskap

- deltakelse i lek

- opplevelsar og læring

- å skape eit godt grunnlag for seinare lese- og skrivemeistring i skulen.


 
På friskus henta vi oss mange bøker frå bokverden der barna fekk bla i og sjå på bilder,
 både kvar for seg og ilag med andre.

Barna hadde gode samtalar og diskusjonar rundt det dei såg i bøkene - Rammeplanen seier:
Å samtale om opplevelser, tanker og følelser er nødvendig for utvikling av et rikt språk.


Etter ei stund teikna vi oss sjølv når vi leste bok, eller teikna noko frå ei bok vi hadde sett i. I rammeplanen stend det at å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå begreper.

Desse to var veldig fasinert av eit bilde av ein munn og korleis det ser ut der alle tennene er - dette valgte dei å samarbeide å teikne utifrå, spennande!

Under måltidet hadde vi høgtlesing frå denne boka: Det var ein gong ei mamma og ein pappa!!