torsdag 10. mars 2016

Ut på tur, aldri sur!

Idag har dei eldste borna på Skogstjerna og Tiriltunga vore på tur i skogen bakom barnehagen. Vi hadde med oss mat og kakao i sekkane våre, og la i veg i deilig vårsol. Oppe i skogen bak barnehagen ligg "Lykkeland", der sette vi frå oss sekkane. Nokre av borna ville være med å klatre i "dekkløypa", den er ei god utfordring for små føter... Det er litt langt oppover og ganske bratt, men med ei vaksenhand til støtte så var det fleire som kom seg opp :-)
Rammeplanen seier: "Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar..." og vidare står det at "barnehagen skal bidra til at barna opplever glede ved å ferdast i naturen..." Då seier rammeplanen vidare at for å nå desse måla må personalet blandt anna "...og stimulere dei til å oppleve med alle sansar, observere og undre seg..." og "inkludere friluftsaktivitetar og uteleik i barnehagekvardagen"Tenk for ei glede å kunne sitje å nyte utsikta frå toppen av "fjellet". Her kjem nokre bilder frå turen idag.

 Her er vi på veg opp til dekkløypa vår, borna på tur idag er 2+
og det passar godt for også denne aldersgruppa å klatre her.


Kjekt å klatre!

Planlegg vidare strategi, korleis skal vi komme oss opp?
Vi snakkar om å holde fast i tauet og løfte fotane :-)

På toppen kunne vi glede oss over flott utsikt!
 Her sitt vi og pratar om det vi ser...

I vår barnehage har vi faste bibelforteljingar, idag hadde vi med Bibelen ut på tur og hadde samlinga ute. Vi fekk høre om når Jesus reid opp til Jerusalem på palmesøndag. I rammeplanen står det, "Barnehagen skal..., samtidig som han skal ta med seg verdiar og tradisjonar frå den kristne kulturarven."  Det står vidare at borna skal  "få kjennskap til kristne tradisjonar og høgtider."
Det å ha samling ute på tur er veldig kjekt både for store og små.

Uten mat og drikke, duger helten ikkje :-)
Vi har kjøkkenassistent i barnehagen vår og ho lagar alt til måltida i barnehagen ,
idag hadde ho kokt kakao til oss som skulle på tur :-)

Vi avslutta turen vår med litt aking i ei lita
skråning vi fant i nærheten! Kjempeartig å skli på snøen.