torsdag 17. mars 2016

Påskesamling for dei minste

På Skogstjerna og Tiriltunga har vi hatt samling der vi har fortalt om når Jesus døde på korset i påska. Det vert fortalt heilt enkelt med vektlegging på 1.påskedag då han stod oppatt frå grava. Det har vorte laga ein flott påskehage som vi tok med oss ut idag og hadde samlingsstunda ute.
Vi syng ilag, og fortel om påskeevangeliet.

Her er eit nærbilde av påskehagen, kom gjerne inn og sjå på den.

Uten mat og drikke....
Det er ein kunst å ete maten ute, ikkje alltid like enkelt å unngå å få gras/sand på. Men med øvelse så går det mykje betre no enn første gongane vi hadde måltid ute. Den skal tidlig krøkes som god friluftsmann/dame skal bli :-)