tirsdag 23. februar 2016

Friskusane på skifestival i Engesetdalen :)

Onsdag 10 februar var Friskusane i Engesetdalen på Møre Ski Minikids. Vi pakka med oss ski og stavar, skisko, varme klede og godt humør. Satte oss på bussen som skulle ta oss med til Engesetdalen for ein dag i skiløypa:)  
 
 
Dei starta med 2 runder i medaljeløypa, alle hadde nummer på seg og gjekk den 400 meter lange løypa. Når dei kom i mål var det medaljeutdeling, veldig spennande og så kjekt å få medalje, det var ein stolt gjeng!  
 
 
Etter medaljeløypa fekk vi varmrett i kjellaren, pølse og stappe med saft til drikke. Det var litt nedbør denne dagen så det var godt å komme seg inn og varme seg litt før det var på igjen med skikarusell i lita løype.
Før vi reiste heim var det fruktservering og alle barna fekk kvar sin buff/panneband i premie.