mandag 1. februar 2016

Kjekt med snø og snøhole for Tiriltunga og Skogstjerna!


Idag var det mykje snø når vi kom i barnehagen, og den måtte vi sjølvsagt ut å leike i! Vi fant fram snøskuffer og laga oss ein snøtunnel. Både barna og dei vaksne måtte hjelpe til, og tilslutt fekk vi ein kjekk liten snøtunell som barna kunne krype inn og ut av. Det var kjempekjekt! 

Det passa fint å starte februar-månad med snø, sidan to av måla våra for månaden er "leike i snøen" og "oppleve ulike vértypar i uteleiken". I tillegg passa dei to hovudsongane for månaden ekstra bra: 

"Se, nå snør det, ja det gjør det.
Tett i tett i tett.
Snø i nakke, nese.
Snø i hele fjeset.
Se opp snør det, ja det gjør det.
Tett i tett i tett." 

og 

"Det snør, det snør.
titteli bom
det er det det gjør,
titteli bom.
Nå snør det mye mer enn før,
titteli bom - og huttemeg tu"


Her må alle hjelpe til. Kjekt med små snøskuffer til barna!

Så flink!

Den lille snøtunellen vår var kjempekjekk!

Det vart lavt under taket, så her måtte man krype lavt!

"Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vér. Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og vér"
- fra rammeplanen.