fredag 5. februar 2016

Skogstjerna og Tiriltunga på tur til grillhytta!

I dag har dei største barna frå Skogstjerna og Tiriltunga vore på tur til grillhytta. Vi vaksne tvilte litt på at vi skulle komme oss heilt opp, for det er ganske tungt for å dei små beina og gå så langt i snøen. Men der fekk vi oss ein overraskelse, for alle sju kom seg heilt opp til grillhytta utan ei einaste sur mine! Utruleg flinke 2åringar! :)

I grillhytta tente vi bål, og hadde kristen samling, før vi kosa oss med lunsj og varm kakao.

"I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei skal ta vare på helse og livskvalitet. Barn er kroppsleg aktive, og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer barna verda og seg sjølve å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaring, dugleik og kunnskap på mange område. Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Aktiv bruk av natur og nærmiljø gir mange moglegheter"
- Frå rammeplanen.

Så flinke til å gå!
Endelig kunne vi sjå målet; grillhytta!

Varmt og godt med bål!

Kristen samling med historier frå bibelen. Spennande!

Godt med ei hånd og holde i, og ei bæremeis å sete i.

Flinke toåringar!

Ei lita kvilepause. Her byrja dei å bli slitne, men no er vi snart nede i barnehagen att!