tirsdag 23. februar 2016

Personalmøte ute i naturen :)

2 november var to av personalet i Molde på kurset Naturpilotene. Dei fekk innspel på korleis dei vaksne kan vere ilag med barna i naturen og kor viktig det er at barna fer oppleve førstehandserfaring  - ikkje sete inne å lære korleis fuglane, elva etc ser ut, men ut å få sjå det i verkelegheita!

Om ein opplevelse skal vare evig - må den bli godt bearbeida!!

Kurset blei avslutta med at alle måtte tilbake i barnehagen og formidle det dei hadde lært til resten og at personalet skulle få prøve å vere barn i naturen, dette gjorde vi på eit personalmøte.

 
Vi starta med eit 5 minutters foredrag frå kurset til resten av personalet, deretter gjekk vi i bålhytta der alle skulle grille seg kvar sin fiskeburger.
 
 
 
Når alle var mett og go gjekk vi over på ein aktivitet i skogen. Vi delte personalet inn i 3 grupper, i skogen hang det bildekort med refleks og gruppene skulle leite med lommelykt etter korta dei fekk utdelt med samme bilde. Dei som klarte å finne alle sine par raskast, vann! Her var det fleire som viste at dei hadde høgt konkurranse instinkt!:)
Deretter fortsatte eit litt annerledes, men veldig kjekt personalmøte med dessert, som var banan med sjokolade grilla på bålet :)